Advarsel! Dette kampreferatet inneheld nynorsk. Gå til denne nettsida for assistanse: http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=&nynorsk=+&ordbok=nynorsk
Som alltid når vi møter eit andrelag til ein eliteserieklubb var vi spente på kva for eit lag vi ville møte søndag kveld i Romsåshallen. Dessverre for oss hadde Grei ein del fyrstelagsspelarar som ikkje hadde blitt brukt i kamp endå, og laget bestod av nesten like mange elitespelarar som andrelagsspelarar.
Kampen byrja bra for Ski, som fekk det fyrste målet etter berre to og eit halvt minutt. Kaptein Leirfall lemper ballen inn på mål der underteikna får overraskande god tid mot to Grei-forsvararar og klarer så vidt å krangle ballen i mål. Berre eit halvt minutt seinare utliknar Grei, men vi slår raskt tilbake ved unge, håpefulle Oskar Wedde som plasserer ballen meisterleg i mål med assistanse frå Peter Bergman. Vi kjempa godt heile fyrste omgang, men klarer ikkje å unngå å sleppe inn to mål til. Likevel slår vi tilbake på slutten når underteikna set ballen i motsett kryss frå skrå vinkel etter assist frå Lars Erik AKA Larsy Lynfot Person. Omgangen ender 3-3, og vi set oss nøgde ned i rundvantet og mottar velfortent skryt av spelande trenarar Philip Thorild og Christer Pedersen.
I andre omgang bestemmer Grei seg for at nok er nok og rister av seg den svake opninga. Tempoet aukar, og vi klarer ikkje lenger å henge med like godt som i fyrste omgang. Vi ser litt for mykje på ball, men prøver så godt vi kan å henge oss på ekstremt rakse motstandarar. Sjølv om vi kjem til fleire gode sjansar denne omgangen er vi ikkje effektive nok og klarer ikkje å få ballen i nettet. Keeper Daniel Hedblom fortener ikkje anna enn skryt for sin innsats i kampen, med mange svært gode redningar, men han kastar frustrert inn handkleet etter at andre omgang ender på resultat 10-3.
Siste omgang utartar seg svært lik den andre. Innbytar Roger Pettersen i mål gjer ein god figur, men jobben blir svært vanskeleg for alle på bana sjølv om vi slepp inn litt færre mål denne omgangen. Sluttresultatet blir 15-3 til eit overlegent heimelag.
Alt i alt vart dette ein tung kamp for Ski, men vi tar med oss ein svært positiv fyrste omgang. Vi gler oss til eit jamnare slag mot Grei 2 heime, seinare i sesongen.
Dagens poeng:
Oskar Wedde 1+0
Jonas Leirfall 0+1
Lars Erik Person 0+1
Peter Bergman 0+1
Andreas Johannessen 2+0