Fredag kveld møtte vi Fjerdingby til dyst i Alliansehallen. Vi visste godt at motstandaren potensielt kunne stille med eit godt lag, men dei mangla nok ein del spelarar i denne kampen. Fjerdingby byr aldri på noko særleg motstand i løpet av kampen, samtidig som forsvararane våre gjer ein veldig god jobb. Moro er det at vi også scorar mange mål, spesielt i tredje periode.
Vi får eit overtal ganske tidleg i fyrste omgang, og Christer nyttar anledning til å lempe ein smart ball inn til Andreas, som styrer ballen i mål. Etter sju og åtte minutt scorar Eirik og Nicolai kvar sine mål etter herlig samarbeid framfor mål. Resten av omgangen er vi ikkje så veldig produktive, på tross av mange målsjansar.
Andre periode er veldig lik slutten av fyrste. Mange sjansar og godt defensivt spel, men dårleg uttelling. På slutten av omgangen klarer vi endeleg å sette sjansane og puttar tre ballar i nettet på tre minutt. Mål av Nicolai, Andreas og Eirik.
Vi får ein litt lei start på siste omgang ved at Fjerdingby scorar sitt einaste mål for kvelden, men derifrå og ut var Ski gode. Totalt scorar vi sju mål denne perioden og kosar oss på bana. Til tider trillar ballen veldig bra og vi har mange fine mål. Det heile ender 13-1, eit resultat som skildrar kampbiletet godt. Ekstra hyggelig var det at Per Bøhler gjorde comeback på laget, og ikkje minst at anklane overlevde slik at han kan vere med på neste kamp også!
Med for Ski:
Tobias Sterner (MV), Matias Peder Rossi (1+0), Henrik Bjørsell, Christer Pedersen (1+3), Jonas Leirfall (0+1), Andreas Johannessen (4+1), Tom A. Hansen (0+1), Nicolai Gunneng (2+2), Eirik Holstad (3+2), Tommy Nilsen (2+0), Per R. Bøhler (0+1). 2 min. på Tom A. Hansen.