H1: Bygger sjølvtillit mot Ellingsrud

Tysdag kveld møtte vi opp i Ellingsrudhallen for sesongens fyrste kamp. Ellingsrud rykka opp til 2. divisjon denne sesongen, og vi venta å møte eit godt lag, men det viste seg at vi kunne kontrollere kampen heile vegen.

Fyrste omgang byrja godt, med ein tidleg scoring av kaptein Leirfall, etterfølgt litt seinare av ein klassisk suser-goal av Magnus med assist frå Christer. Vårt siste mål i omgangen vart servert av Robert til Andy i overtalsspel.

Resten av kampen er det Christer, heretter berre kalla «sjefen», som styrer showet. Han setter straffe i andre omgang, scorar i tredje utan assist, før han igjen set straffe på tampen av kampen. Ellingsrud får inn eit litt enkelt mål i andre omgang, og eit pent langskot i siste. Vi kan også legge til at Magnus var litt hardhendt denne kvelden, og rauk på 2×2 på utvisningsbenken.

Samla sett kan vi seie at dette vart ein kamp vi hadde god kontroll på, sjølv om vi såg at Ellingsrud hadde mange gode kvaliteter i laget. Med litt betre samspel og betre taktikk vil dei nok klare seg fint i andre divisjon, og vi ynskjer dei lykke til.