
Fredag kveld mottok vi Refstad til heimekamp i Alliansehallen. Det vart ein jevn og god kamp, sjølv om vi for det meste følte vi hadde god kontroll. Ekstra moro vart det også på grunn av stort publikum!
Ski starta bra, og scora to mål ganske tidleg i fyrste omgang. Ballen vart trilla fint i laget, og vi kom til mange sjansar. Før kampen hadde vi hørt om Refstad sine contringseigenskapar, og desse eigenskapane viste dei fram mot oss også. Brått stod det 2-2, og sjølv om vi presser på og scorer to mål til i andre omgang klarer Refstad å utlikne rakst kvar gong. I siste omgang klarer vi å sette to mål til, samtidig som vi klarer å bryte fleire av contringane til motstandaren. Resultatet ender 6-4.
Vi speler ganske bra heile kampen og jobbar godt som eit lag. Poengfordelinga viser dette tydeleg. Banens beste var tomålscorar Robert Hadin, som klarte å vise at han kan score med forskjellige typer utstyr.
Med for Ski IL Innebandy: Tobias Sterner (MV), Roger Pettersen (MV), Christer Pedersen0+1, Henrik Bjørsell, Jonas Leirfall 0+1, Alexander Mo 1+0, Robert Hadin 2+0, Peter Bergman 1+0, Peder Rossi, Tom A. Hansen 1+0, Nicolai Gunneng 0+1, Eirik Holstad 1+0, Andreas Johannesen 0+2