H1:Full kontroll mot Korsvoll

Fredag 8. januar møtte herrelaget til Ski Korsvoll til fyrste dyst etter jul. Det vart aldri nokon spennande kamp, for Ski hadde kontroll heile vegen.

Ski IL Innebandy – Korsvoll 2   8-2 (3-0, 1-0,4-2)

Det tok litt tid for begge lag å komme skikkeleg i gong, og det gjekk over ein halv omgong før kaptein Leirfall set fyrste målet i kampen. Raskt etter scorar Eirik, før Jonas set sin andre rett før pause. I andre periode skjer det veldig lite, med unntak av eitt mål ved Andy. Siste periode blir det litt meir texas med ein del mål og endå fleire utvisningar. Eirik er spesielt frampå og setter tre baller til i motstanderens mål.

Kanskje hadde ikkje Korsvoll fått nok julemat, for dei var ganske hissige på grauten, og klarte utover kampen å bygge seg opp ein ganske respektabel utvisningskvote. Vi klarte derimot å halde oss ganske rolege, og slapp unna med 6 minutt mot Korsvoll sine 19.

Moro kamp mot eit defensivt fysisk Korsvoll! Vi gler oss til neste gong.

Med for Ski IL Innebandy: Tobias Sterner (målvakt), Per Reidar Bøhler (0+2), Tom A. Hansen (0+2), Jonas Leirfall (2+0), Andreas Johannesen (2+0), Alexander Mo, Peder Rossi (0+1), Henrik Bjørsell, Christer Pedersen (0+1), Eirik Holstad (4+0), Preben Kjos Gabrielsen