Til tross for ein sein samling dagen før for så å seie heile laget, var H1 ved godt mot før kampen mot Høybråten/Stovner. Vi møtte eit lag som trilla ball godt, men vi stod godt imot og kontrollerte kampen bra og vinner 8-4.
Tidleg i fyrste omgang starter Christer med eit mål servert av Ski IL sin tilbakevendte son, Snorre Lind, før rollene snur ved neste mål. H/S scorar to mål kort tid etter, men Andy er litt heldig med eit skot som går i eit bein, og vi kan gå til pause med leiing.
Halve andre perioden går stille forbi før det skjer noko nemneverdig på bana, før Snorre bestemmer seg for å leve opp til våre store forventingar. Han set to mål – det fyrste etter ei nydeleg pasning på bakarste stolpe frå Thai – før Andy prikkar inn 6-2 på slutten av perioden, etter digg spel av fyrsterekka.
Før minuttet har gått i siste omgang får endeleg kaptein Leirfall ei fortent scoring med assistanse frå Snorre. Høybråten/Stovner kjem seg litt inn igjen i kampen etter dette med to mål, men vi blir aldri særleg stressa. Andy et kampens siste mål etter nok ei servering frå Snurre-Snorre, som også blir kåra til banens beste i dag.
Med for Ski
Snorre 3+4, Andy 3+0, Christer 1+1, Jonas 1+0, Thai 0+1, Alex, Peter, Nico, Henrik, Roger