Fredag kveld var det duka for nok ein heimekamp for fyrstelaget, som var gira på å auke vinnarrekka med endå ein siger. Det klarte vi, sjølv om det vart litt mykje fram og tilbake til tider, og høg temperatur.
Ski IL Innebandy 11
Holmlia 2 7
(2-2, 4-1, 5-4)
Vi byrja med høgt press frå start, og klarte å tvinge forsvaret til Holmlia til å gjere feil. Likevel gjekk det nesten ti minutt før fyrste scoring ved Andreas. Fem minutt seinare set Magnus eit nytt mål for Ski, men Holmlia skår raskt tilbake med to kjappe, og det står 2-2 til pause.
I andre periode stig temperaturen. Holmlia speler hardt og kjem seint inn i duellar, og vi lar oss dessverre provosere. Omgangen starter veldig bra, med mål fyrst av Per og så av Andreas før to minutt har gått. Robert aukar leiinga med endå eit mål, før Holmlia vaknar og svarer med to mål. Siste halvdel av andre periode er det meir knuffing enn spel, og det blir ingen fleire mål.
Siste omgang byrjar nok ein gong med scoring frå Ski, når Andreas set sitt tredje for kvelden. Frå fire til seks minutt ut i perioden får Ski trøbbel og ved tre kjappe mål av Holmlia er det plutseleg spenning i kampen igjen. Ski tar ein time out, og er samtidig svært heldige med tidspunktet Holmlia får fem minutt utvisning for feil i kampskjemaet. Utvisninga kostar Homlia dyrt. Ski scorar to mål i overtal, fyrst ved Eirik, og så ved kaptein Leirfall. Snorre viser at han ikkje berre kan servere, og set våre to siste mål i matchen.
13 minutt utvisning på Holmlia og 4 på Ski viser at dette var ein tøff kamp, og det er difor ekstra godt at vi ror den i land. Neste kamp mo Sveiva 3 blir endå tøffare, og vi gler oss.
Med for Ski: Joachin Nilsen (M), Tom Stordal (M), Eirik Holstad (2+0), Per Bømler (1+1), Magnus Solmyr (1+0), Simen Eggerud (0+1), Tom Alexander Hansen, Henrik Bjørsell, Christer Pedersen (1+1), Jonas Leirfall (1+2), Snorre Lind (2+3), Robert Hadin (1+0), Andreas Johannessen (3+2)